Kari Henriksen | |||
![]() | |||
Fødd | 10. august 1955 (68 år) Vennesla kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Kari Henriksen (fødd 10. august 1955 i Vennesla) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho vart 3. desember 2007 utnemnd til statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet i Regjeringa Stoltenberg II,[1] ei stilling ho hadde fram til 3. april 2009. Ho bad då om avskjed for å konsentrere seg om valkampen før stortingsvalet 2009, då ho var førstekandidaten til Arbeidarpartiet frå Vest-Agder.
Henriksen vart vald inn og er frå 2009 medlem av arbeids- og sosialkomiteen og valkomiteen. Ho var vararepresentant på Stortinget i perioden 2005–2009.
Henriksen er psykiatrisk sjukepleiar frå Universitetet i Agder, og har mastergrad i folkehelse med kurs frå Göteborgs Universitet og State University of New Jersey (Rutgers). Yrkeskarrieren hennar fordeler seg på sjukepleiarstillingar ved Eg Sykehus og leiarstillingar ved A-klinikken i Vest-Agder fylkeskommune i åra 1979-2000. Henriksen har også vore trenar i Flekkerøy IL og hatt verv i bedriftsidrettskretsen i Agder.
Kari Henriksen har vore medlem av bystyret i Kristiansand.
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search